Fysisk aktivitet

Fysisk inaktivitet er ei utfordring for samfunnet og inaktiviteten auker i alle aldersgrupper.

Snarvegar: Folkehelsekoordinator - Folkehelse - Turløyper

Illustrasjonsbilete - Joggesko - Klikk for stort bilete Samfunnet har dei siste ti-åra meir og meir lagt til rette for inaktivitet, og du skal vere bevisst for å få til fysisk aktivitet som ein naturleg del av kvardagen. Auka fysisk aktivitet i alle aldersgrupper er mellom dei tiltaka som vil ha størst positiv effekt på folkehelsa.

Regelmessig fysisk aktivitet representerer eit stort potensiale i høve førebyggjing av dei dominerande sjukdomsgruppene. Livstilssjukdomar som t.d hjarte-karsjukdom, kreft og diabetes 2, kan førebyggjast, og fysisk aktivitet er eit av områda som har størst betydning for forebygging av desse livsstilssjukdommane, samen med kosthald og røyking.

For at fysisk aktivitet og trening skal ha maksimal prestasjons- og helseeffekt må ein gjennomføra dette ofte og regelmessig. Helsedirektoratet har anbefalingar for fysisk aktivitet til ulike aldersgrupper:

Born: Born og unge bør vera fysisk aktive i minimum 60 minuttar med moderat eller høy intensitet kvar dag. Det anbefalast at born og unge bør utføre aktivitetar av høy intensitet tre gonger i veka, inkludert aktivitetar som gir økt muskelstyrke og som styrker skjelettet.

Vaksne: Det er anbefalt at vaksne er i fysisk aktivitet av moderat intensitet 150 minutt per veke, dette tilsvararar 30 min med fysisk aktivitet fem gonger i veka. Anbefalingane kan også oppfyljast med 75 minutt med høg intensitet per veka. For å oppnå ytterligare helseeffekt bør det utføres inntil 300 minuttar med moderat fysisk aktivitet i veka.

Eldre: For eldre gjelder i utgangspunktet dei same anbefalingane som for vaksne. Det einaste som skil seg ut er at eldre med nedsatt mobilitet bør gjera balanseøvingar og styrketrening tre eller fleire dagar i veka, for å styrka balansen og hindra fallulykker. 

I tillegg er stillesitting for første gang blitt tatt med under anbefalingane, og Helsedirektoratet anbefaler at alle aldersgrupper reduserer stillesitting. Dvs begrense tidsbruk på for eksempel nettbrett, bilkjøring og dataspill.

Berekningar ut ifrå undersøkelsar viser fysisk aktive i gjennomsnitt vinn åtte leveår med god helse i eit livsløpperspektiv, ytterligere økt fysisk aktivitet kan gi opp mot 16 gode leveår. Å vera fysisk aktiv kan dermed gi økt levetid, og ikkje minst økt livskvalitet.

Tips til gode lenkjer:
Helsedirektoratet - anbefalinger om kosthald og ernæring

Helsedirektoratet - fysisk aktivitet i forebygging og behandling

Folkehelsekoordinator Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsekoordinatoren.
Folkehelsekoordinator
 E-postTelefonStad
Bente GuntveitE-post56 38 54 41 / 954 36 342Øygarden rådhus
Publisert av Thor Wilthil. Sist endra 29.07.2016
Fann du det du leita etter?