Øygarden Frisklivssentral

Friklivssentralen er eit kommunalt tilbod til personar som ynskjer hjelp til å  komme i gang med  å endre vaner innanfor områda kosthald, fysisk aktivitet og  røyking. Å gjere små endringar i kosthaldet, bli meir fysisk aktiv og slutte å røykje kan gi deg stor helsegevinst!

Snarvegar: Terapibasseng - Livsmeistringskurs - Friskliv- og meistringssenter for Fjell, Sund og Øygarden

dsc_0040.jpg - Klikk for stort bilete

Er dette noko for deg?

I såfall skal det  vere lett å få tilbod gjennom friklivsentralen. Ta  kontakt med fastlegen din, Nav eller andre, som kan skrive ein friklivsresept til deg, der det står kva du ynskjer hjelp til. Når du får denne kan du ringe oss for ein avtale. Du kan òg ta direkte kontakt med oss om du ikkje får tak i resept. saman skal me finne ut kva tilbod som kan passe for deg og din situasjon.


Du kan få tilbod om:

  • Helsesamtale
  • Hjelp til kosthaldsendring
  • Vektkontroll
  • Trening
  • Turgruppe
  • Røykeslutt
  • Livsstilskurs (interkommunalt kurs for menneske med type 2 diabetes, høgt blodtrykk, hjarte / lungelidingar)
  • Livsmeistringskurs (for deg som for tida er ute av jobb / utdanning)
  • Hjelp til røykeslutt

Er dette eit tilbod du kan tenkje deg å høre meir om?
Ta kontakt med oss!

Her finn du informasjon om og oversikt over kurs frå Friskliv- og meistringssenteret for Fjell, Sund og Øygarden.

Kart
Frisklivssentralen
Frisklivssentral Her finn du kontaktinformasjon til frisklivssentralen.
Frisklivssentral
KoordinatorTelefon:Mobil:E-post:
Bente Guntveit56 38 54 41954 36342E-post
Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.09.2018
Fann du det du leita etter?