Folkehelsekoordinator i Øygarden

Våren 2011 gjekk Øygarden i partnerskap med fylket og frivillige organisasjonar om folkehelsearbeid i kommunen. Bente Hellesøy Gunntveit er tilsett i 40% stilling for å koordinera arbeidet. Bente har bakgrunn som sjukepleiar, helsesøster og familierettleiar.

Snarvegar: Folkehelse og Frisklivsentralen


Folkehelsekoordinator Bente Guntveit
Folkehelsekoordinator Bente Guntveit

Folkehelsekoordinatoren skal koordinera det førebyggjande arbeidet i kommunen og leia, utvikla og samordna folkehelsetiltak i Øygarden. Det er og etablert ei kommunal styringsgruppe. Koordinatoren er leiar for gruppa som vil arbeida med å forankra folkehelsearbeidet i dei ulike kommunale sektorane.

Som ein lekk i folkehelsearbeidetarbeidet er  koordinatoren i gang med å etablera ein Frisklivsentral som skal vere eit kompetansesenter med tilbod til grupper og einskildpersonar som har behov for og ynskjer hjelp til å endre helseatferd. Sentralen er tenkt opna i løpet av vinteren 2012.

Sjølv om vi er eit priviligert folk med høg velstand, har vi utfordringar i høve folks helse sier Bente. Hjarte/ karsjukdommar, kreft, diabetes og fedme er døme på helseproblem mange nordmenn opplever og slit med. Måten vil lever på i kvardagen er ofte bakgrunn og årsak til helseproblema. Difor vil folkehelsearbeidet ha fokus på kosthald, røyking og fysisk aktivitet.

I samband med folkehelsearbeidet er det etablert ei kommunal styringsgruppe, der leiarar frå ulike kommunale sektorar er representerte. Gruppa skal syta for at folkehelsearbeidet vert forankra i dei ulike sektorane. Koordinatoren leiar gruppa.

 
Folkehelsekoordinator Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsekoordinatoren.
Folkehelsekoordinator
 E-postTelefonStad
Bente GuntveitE-post56 38 54 41 / 954 36 342Øygarden rådhus
Publisert av Thor Wilthil. Ansvarleg Bernt Hjørnevik. Sist endra 06.03.2012
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Anna Nesje Nes

Einingsleiar Familiens Hus
E-post :