Born og overvekt

Overvekt er eit stendig aukande samfunnsproblem Over dei siste tretti åra har det vore ei dramatisk auke av overvekt i befolkninga, og forskninga syner samanhang mellom overvekt og folkehelse. Også hjå born har det vore ei auke i overvekt. Kosthald og fysisk aktivitet er nøkkelord også når det gjeld borna.

Snarveg: Folkehelsekoordinator - Folkehelse

Studier syner at overvekt hos born gjev auka risiko for helseplager som vaksen. Ein reknar no med at andel born med overvekt/ fedme ligg mellom 15 og 23 prosent. Ein studie frå 2008 syner at 14% av gutane og 17% av jentene i 3.klasse har overvekt eller fedme, mens ein av fem har alvorleg fedme. Dei siste undersøkingar som er gjort indikerer at problemet er aukande. Då desse tilhøva kan gje born både fysiske og psykiske vanskar i tillegg til aukande risisko for sjukdom i vaksen alder, er dette ei bekymringsfull utvikling.

Årsakene til denne utviklinga er samansett, men det som er lett å fastslå, er at det er ubalanse mellom energiopptak og energiforbruk. Ein meiner dette kan hengja saman med auka inaktivitet og lettare tilgang til mat med høgt energiinnhald. Ei undersøking frå år 2000 mellom born i alder 9-13 år, synte eit generelt for stort inntak av sukker og metta fett og for lite inntak av frukt og grønt, fiber vit. D,E og jern. Nokre studier syner samanhang mellom overvekt og sukkerhaldig drikke. Forbruket av brus og mineralvatn auka frå 41 til 127 liter pr. person i perioden 1970-2001. Brus aleine bidrog med 9 kg sukker pr. person i 2001. Blant ungdom er inntaket av sukker betydeleg høgare enn ynskjeleg. I gjennomsnitt drakk 13-åringane nærare ein halv liter brus og saft pr. dag, og brus, saft og snop bidrog med 65% av det samla sukkerinntaket.

 I tillegg til kosthaldet, ser ein at mindre fysisk aktivitet mellom born og unge er ein vesentleg årsak til overvekt og fedme. born vert i stor grad køyrd til og frå skule og fritidsaktivitetar. Born brukar og ein stor del av tida framfor TV og PC. Undersøkingar syner at born i snitt brukar tre timar dagleg framfor PC'en- og opptil 20 vektimar framfor TV'en.

Saman med foreldre og tilsette vil folkehelsekoordinatoren sjå på tiltak for å leggja tilrette for fysisk aktivitet og eit sundt kosthald i barnehagane og skulane. Målet er at me på ulike måtar og på ulike arenaer kan leggja tilrette for god helsemessig utvikling for borna våre!

Folkehelsekoordinator Her finn du kontaktinformasjon til folkehelsekoordinatoren.
Folkehelsekoordinator
 E-postTelefonStad
Bente GuntveitE-post56 38 54 41 / 954 36 342Øygarden rådhus
Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 30.08.2016
Fann du det du leita etter?