Vedteken reguleringsplan - Detaljregulering Tjeldstø bustadblokk

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 26.09.2018, sak 055/18, å godkjenne detaljreguleringsplan for Tjeldstø bustadblokk (plan-ID: 20160004).



 

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Vedtaket fører med seg endring av eit mindre delområde av områdereguleringsplan Tjeldstø (plan-ID: 20120003) og reguleringsplan for skule/idrettsområde (plan-ID: 20120007).

Endring av planar gjeld utbetring av felles tilkomstveg til idrettsområde og område for bustadblokk.

Godkjend plan for detaljregulering av Tjeldstø bustadblokk består av:

Plankart,datert 14.02.18 i målestokk 1:500 (PDF, 796 kB)
Føresegner, datert. 17.04.18
Planskildring, datert 17.04.18 (PDF, 5 MB)

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Me takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planskildring etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast Øygarden kommune innan 3 år etter at reguleringsvedtaket er kunngjort (jfr. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

Klagefrist

Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova §§ 12-12 jfr. § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klagefrist er sett til 12. november 2018.

Dokument i saka

Saksframlegg (PDF, 114 kB)
Plankart,datert 14.02.18 i målestokk 1:500
Føresegner, datert. 17.04.18
Planskildring, datert 17.04.18
Støyrapport (PDF, 2 MB)

 

Reguleringsplan Tjeldstø.png - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?