Varsel om oppstart av reguleringsarbeid - Vikane

I medhald av § 12-2 og § 12-8 i plan- og bygningslova vert det med dette varsla oppstart av

Områderegulering for Vikane ved Hjeltefjorden, gbnr. 38/6 m. fl.

Planen er etter kommunen si vurdering i samsvar med gjeldande plangrunnlag, og fører ikkje til krav om konsekvensutgreiing etter kap. 4 i plan- og bygningslova. Det er allereie gjort ei konsekvensutgreiing for felt B13 i samband med kommunedelplanen for Rongøy.

Planområdet ligg på Rong, mellom Medarseta og Storevarden (felt B13 i Kommunedelplan for Rongøy).

Forslagsstillar er Øygarden kommune. Plankonsulent er Asplan Viak AS.

Frist for å kome med merknader og innspel til planarbeidet er sett til 28. juni 2019.

Merknader og fråsegn til planoppstart kan sendast til

Asplan Viak AS, Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen. Att: Katrine Bjørset Falch
eller på e-post: kunngjoring_bergen@asplanviak.no

Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Asplan Viak AS v/ Katrine Bjørset Falch, tlf. 97699741 /
e-post: KatrineB.Falch@asplanviak.no.


Les meir om planarbeidet her

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 29.05.2019
Fann du det du leita etter?