Varsel om oppstart av planarbeid

I medhald av plan- og bygningslova § 12-2 og § 12-8 blir det med dette varsla oppstart av
Detaljregulering for kryss Arseta sør, gbnr. 38/389 m. fl. Øygarden kommune

 

Detaljregulering for kryss Arseta sør.png - Klikk for stort bilete

Planområdet ligg mellom Rong Sentrum og Storevarden og omfattar del av fv. 561. Arealet er ca. 68,1 dekar. Forslagsstillar er Øygarden kommune, med Asplan Viak AS som utførande plankonsulent.

Føremålet med planen er å regulera det nye krysset sør for Arseta med kulvert under Fv 561. Det skal og leggast til rette for nye tilkomstvegar for eksisterande bustadfelt på Austemarka, Gjetlingavegen, Arsetlia og Medarseta. Planarbeidet skal ha særleg fokus på landskapsverknader og gode løysingar for mjuke trafikantar.

Planen medfører etter kommunen si vurdering ikkje krav om konsekvensutgreiing. Det er allereie gjort ei konsekvensutgreiing for området i samband med kommunedelplanen for Rongøy.

Merknader eller opplysningar som bør leggjast til grunn for planarbeidet kan sendast til: Asplan Viak AS, Pb. 2304 Solheimsviken, 5824 Bergen. Att: Thuy-Duong Thi Vu eller på e-post: kunngjoring_bergen@asplanviak.no. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Asplan Viak AS v/ Thuy- Duong Thi Vu, tlf. 945 41 81 94

Frist for merknader er sett til 17.06.19.

Nærmare opplysningar er gitt på nettsidene til Øygarden kommune og Asplan Viak AS i merknadsperioden:

https://www.asplanviak.no/kunngjoringer/

Grunneigarar, naboar og høringsinstansar blir varsla i eige brev.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 31.07.2019
Fann du det du leita etter?