Varsel om oppstart av planarbeid Kollsnes PlanID 20190002

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan «Kollsnes Industriområde» i Øygarden kommune.

Detaljreguleringa sitt hovudformål å revidere gjeldande reguleringsplan for Kollsnes industriområde, ID19910001.

Arealformål vil samsvare med dagens arealbruk og omfatte dagens industriområde.
Varslingsområdet utgjer til saman omlag 2988 dekar.

Utval for Drift og Samfunnsutvikling vedtok å gje oppstartsløyve i møte 14.05.2019, saksnr. 057/19
Forslagstillar er Equinor, Multiconsult Norge AS er plankonsulent.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 30.07.2019
Fann du det du leita etter?