Varsel om oppstart av planarbeid for Oksneset PlanID20190005

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det varsla om oppstart med reguleringsplan for Oksneset.
Planarbeidet vil endre gjeldende reguleringsplan og erstatte gjeldande reguleringsplan ID20080004 Oksneset med vedtak av ny detaljplan (PlanID20190005).

Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for etablering av eit landbasert oppdrettsanlegg med tilhøyrande verksemder.

Utval for Drift og Samfunnsutvikling vedtok å gje oppstartsløyve i møte 06.06.2019, saksnr. 069/19.
Forslagstillar er Blom AS og utførande konsulent er Multiconsult Norge AS.

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 30.07.2019
Fann du det du leita etter?