Svanevågen detaljreguleringsplan - Kunngjering av vedtak

PLANID 2016 0007
Øygarden kommunestyre vedtok i møte 13.06.18, sak 43/18, å godkjenne den del av detaljreguleringsplanen for Svanevågen som det ikkje er retta motsegn mot.

Planvedtaket vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-12 og 12-13.

Godkjenninga gjeld planområde vist på revidert plankart datert 23.05.18. Samt tilhøyrande føresegner revidert 18.05.18.
Planskildring datert 23.06.17 vert gjeldande så langt den passar i forhold til avgrensa planområde.

Dokument i saka

Saksframlegg - behandling av delområde av planen (PDF, 900 kB)
Plankart vedteke av kommunestyet 13.06.18 (målestokk 1:1500 (PDF, 2 MB))
Plankart for heile planområdet (målestokk 1:1500) (PDF, 2 MB)
Reguleringsføresegner (PDF, 604 kB)
Planskildring (PDF, 25 MB)

 

Partar og andre med rettsleg klageinteresse kan klaga på vedtaket innan 20.07.18

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3, må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

For ytterlegare informasjon om saka, jfr. politisk møtekalendar på kommunen si heimeside:
Behandling i Øygarden kommunestyre 13.06.18

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?