Søknad om løyve - oppdrett i Svartevika

Søknad om løyve til oppdrett av settefisk og stamfisk av berggylt og rognkjeks på lokalitet Svartevika i Øygarden kommune

Scalpro AS søkjer om nyetablering av anlegg for ein årleg planlagd produksjon av inntil 30 tonn biomasse i eit nytt anlegg ved næringsområdet i Svartevika på Rong.

Det vil hovudsakleg bli satsa på produksjon av liten fisk, 5-10 gram. Den produserte reinsefisken vil bli levert til andre produksjonsanlegg for vidare vekst eller for utsett i merd i samkultur med laks i opne merdar.  Det skal etablerast to bygg, kvart på ca 35 x 15 m, 525 m². Eit bygg blir i to etasjar. I andre etasje etablerast fasilitetar for produksjon av levande fôr og klekking av egg. I første etasje anleggjast, samt i det andre byggjet, anleggjast 3 og 5 m kar for produksjon. Stamfiskavdeling er planlagd i eksisterande bygg, ombygd og utvida til formålet.  Frå anlegget skal det gå utsleppsleidning, og inntaksleidning for sjøvatn.

Det disponible arealet er satt av til industri i områdereguleringsplan for Rong senterområde vedteken 31.10.2018.

Søknad med vedlegg vert lagt ut til offentleg ettersyn i 4 veker.

Merknadsfrist:
4 veker etter kunngjeringsdato, som er sett til 25. januar 2019.

Eventuelle merknader kan sendast elektronisk på skjema «høyringsfråsegn» eller på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no og merkast med saksnr. 19/45.

Les heile saken med vedlegg/dokumenter

Publisert av Ingunn Teigen. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?