Oppstart og offentleg ettersyn av mindre reguleringsendring for reguleringsplan for Toftøy

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 25.06.2019, sak 080/19, oppstart og offentleg ettersyn av mindre endring for reguleringsplan for Toftøy, planID: 20000002.

Oppstart med planframlegg blir med dette varsla og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §§ 5-2, 12-8 og 12-14.

 

Dokument i saka

Plankart
Reguleringsføresegner
Planskildring
Arealtabell
Vedtak
 

Merknadar

Frist for å komme med merknader til oppstart og planframlegg er satt til 20. august 2019.

Merknadar kan sendast på ein av desse måtane:

E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

 

Reguleringsendring Toftøy.png - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 26.06.2019
Fann du det du leita etter?