Områderegulering Rong sentrumsområde

Kommunestyret vedtok i møte 31.10.2018 sak 070/18 områderegulering for Rong senterområde plan-ID: 20170005.

Planvedtaket er i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12.

Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Kommunestyret (KS) 31.10.2018 - saksnr. 070/18:

  1. Øygarden kommunestyre vedtek å godkjenne områdereguleringsplan for Rong senterområde, PlanID 2017 0005 med tilhøyrande føresegner. Justering av tekst i føresegner 10.5.1. Innanfor formålet VKA 1-2 er det tillate med utfylling i sjø og etablering av molo eller flytekai med innvendig lagerrom. Moloen/flytekai skal vere open for allmenn ferdsel.
  • Godkjenninga gjeld følgjande:
  • Plankart med dato 10.10.18
  • Føresegner sist revidert 10.10.18
  • Planskildring og ROS analyse revidert 28.09.18
  1. Endringar utført etter offentleg ettersyn er av ein slik karakter at det ikkje er behov for ny høyring. Reguleringsplanen opphevar tidlegare godkjente reguleringsplanar/del av reguleringsplanar innanfor denne planen sitt område. Bustadområdet BFS9 vert utvida til også å omfatta B5 området. B5 skal ha same plankrav som BFS9.

    Føresegner jfr.pkt 2.2.2 og jfr.pkt 11.4.1 vert endra i samsvar med nye plankrav for B5.

    Endringane må påførast tekstdokumentet og plankartet før KS vedtaket vert kunngjort.

 

Dokument i saka

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla, og planvedtaket blir kunngjort i Vestnytt.
 

Klagefrist

Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 15.01.2019.

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

 

Plankart datert 10.10.2018 - Klikk for stort biletePlankart datert 10.10.2018

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.11.2018
Fann du det du leita etter?