Kunngjering av vedteken reguleringsplan for Naturgassparken

Kommunestyret vedtok i møte 12.12.2018, sak 084/18, detaljregulering for Naturgassparken, plan-ID: 20150002.

Plan for Naturgassparken blei vedteke endra plannamn frå Kollsnes næringspark.

Planvedtaket blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Saksdokument

Saksframlegg med vedtak frå kommunestyret 12.12.18
Føresegner (PDF, 5 MB)
Planskildring (PDF, 5 MB)
Plankart (PDF, 6 MB)
Gnr/bnr 40/114 m.fl. fråsegn til revidert forslag til detaljregulering for Kollsnes næringspark
Gnr/bnr 40/114 m.fl. Kollsnes næringspark - detjaljregulering - trekking av motsegn
Gnr/bnr 40/114 m.fl. Kollsnes næringspark - Fylkesmannen trekkjer motsegn til detaljregulering
Kollsnes næringspark - forslag til reguleringsendring
Merknadar samla pr 19.11.18
 

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i Vestnytt avis 4. januar 2019. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 1. februar 2019.

Me opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjort, jf. forvaltingslova § 42.

Fristen for å klage på vedtaket er sett til 01.02.2019

Erstatning/innløysing

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

 

Plankart datert 16.10.2018 - Klikk for stort biletePlankart datert 16.10.2018

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?