Kommunedelplan for Rongøy - kunngjering av vedtak

Øygarden kommunestyret vedtok den 31.10.2018 kommunedelplan for Rongøy. Kommunedelplan for Rongøy er ei realisering av eit delområde for kommuneplan for Øygarden (2014) og vil overstyre den for området det gjeld.

Kommunedelplanen kunngjerast med dette  i samsvar med plan- og bygningslova § 11-15.

Den vedtekne kommunedelplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Den ovannemnde saka er behandla med følgjande vedtak:

Kommunestyret (KS) 31.10.2018 - saksnr. 069/18:

Med heimel i § 11-15 i plan- og bygningslova vedtek Øygarden kommunestyre kommunedelplan for Rongøy (planID 20120006). Kommunedelplan for  Rongøy består av følgjande juridiske dokument:

  • Planskildring med konsekvensutgreiing datert 28.09.2018
  • Planrapport med konsekvensutgreiing datert 05.01.2012
  • Planføresegner datert 28.09.2018
  • Plankart datert 28.09.2018

Det er vurdert til at endringar etter 2. gangs offentleg ettersyn ikkje krev ny høyring.

Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast.

 

Dokument i saka

 

Plankart KDP Rongøy - Klikk for stort biletePlankart KDP Rongøy

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 20.11.2018
Fann du det du leita etter?