Høyring og offentleg ettersyn av områdereguleringsplan for Blomvåg vest

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert områdereguleringsplan for Blomvåg vest lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 14.05.19, sak 60/19.

Hovudføremåla i planen er føremål for grav- og urnelund samt bustadføremål. Det er bl.a. også planlagt samferdsle- og infrastrukturanlegg for vegutbetring og trafikksikring, parkering og kollektivanlegg. VA-rammeplan følgjer bl.a. som tilleggsdokument.

Det er utarbeidd konsekvensutgreiing til planforslaget.

Planområdet har eit areal på 182 dekar. Plangrensa inkluderer delar av gjeldande reguleringsplanar:

  • Bårdslia bustadfelt (planid 20050002) - Veg, parkering og grønstruktur
  • Blomvåg gravplass (planid 19950003) - Gravplass, veg, parkering, grønstruktur 
  • Småbåthamn Blomvåg (planid 20050001) - Veg Planforslaget består av plankart datert 16.05.19, samt føresegner og planskildring med konsekvensutgreiing datert 06.05.19.


Dokument i saka

Sak om kunngjering og offentleg ettersyn av planforslag
Plankart
Føresegner
Planskildring
VA-rammeplan
 

Merknadar

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:

Elektronisk skjema "høyringsfråsegn"
E-post postmottak@oygarden.kommune.no
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong.

Merknadsfrist 06.08.2019 

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 26.06.2019
Fann du det du leita etter?