Høyring og offentleg ettersyn av forslag til detaljreguleringsplan for Svanevågen

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert privat forslag til detaljreguleringsplan for Svanevågen lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter 2. gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 25.06.19, sak 82/19.

Planområdet omfattar område som vist på kartutsnitt.

Føremålet med planen er å leggje til rette for utbygging av bustadar, barnehage, fritidsbustadar, småbåthamn, småbåtanlegg, overnatting/hotell og fritids- og turistføremål.

Planområdet har eit areal på 261 daa, av dette er 197 på land og 64 på sjø.

Del av området i sør vart godkjent som reguleringsplan av Øygarden kommunestyre i møte 13.06.18, sak 43/18.

Fylkesmannen retta motsegn mot opphavleg forslag til detaljreguleringsplan som omfatta heile planområdet.

Nytt planforslag et utarbeidd med tanke på å imøtekome motsegna.

Planforslaget består av

- plankart i målestokk 1:1500, seinast revidert 14.06.19
- reguleringsføresegner revidert 14.06.19
- planskildring datert 19.06.19
- illustrasjonsplan (PDF, 5 MB)
- saksframlegg

Eventuelle merknadar

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane
pr e-post postmottak@oygarden.kommune.no 
Elektronisk høyringsfråsegn 
Post:   Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong.

 

Uttalefrist 20.08.19

Detaljregulering Svanevågen.png - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 02.07.2019
Fann du det du leita etter?