Høyring/offentleg ettersyn - områdereguleringsplan Blomvåg vest

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert områdereguleringsplan for Blomvåg vest lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 14.05.19, sak 60/19.

 

Hovudføremåla i planen er føremål for grav- og urnelund samt bustadføremål. Det er bl.a. også planlagt samferdsle- og infrastrukturanlegg for vegutbetring og trafikksikring, parkering og kollektivanlegg. VA-rammeplan følgjer bl.a. som tilleggsdokument.

Det er utarbeidd konsekvensutgreiing til planforslaget.

Planområdet har eit areal på 182 dekar.

Plangrensa inkluderer delar av gjeldande reguleringsplanar:

  • Bårdslia bustadfelt (planid 20050002) - Veg, parkering og grønstruktur
  • Blomvåg gravplass (planid 19950003) - Gravplass, veg, parkering, grønstruktur
  • Småbåthamn Blomvåg (planid 20050001) - Veg

Planforslaget består av:

- Plankart datert 16.05.19
- Reguleringsføresegner
- Planskildring med konsekvensutgreiing datert 06.05.19
- VA-rammeplan
- Områdereguleringsplan Blomvåg vest - saksframlegg
- Alle dokument i saka


Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no  
Elekstronisk skjema høyringsfråsegn.
Post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong.
 

Uttalefrist 06.08.2019.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 23.05.2019
Fann du det du leita etter?