Høyring/offentleg ettersyn - kommunedelplan Rongøy

I samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 blir kommunedelplan for Rongøy (planID: 20120006)  lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter andre gongs behandling i formannskapet 07.03.18, sak 018/18.

Planområdet omfattar området som er vist på kartutsnittet. Formålet med planarbeidet er ynskje om ein meir heilskapleg tanke kring utvikling på Rongøy og i Øygarden kommune. Ny KDP vil legge til rette for ei utvikling som meir er i tråd med gjeldande føringar for planlegging og utvikling i dagens samfunn. KDP Rongøy skal bygge opp om tettstaden og senter Rong. Planlagde arealformål er i hovudsak LNF, bustad, naust og offentleg tenesteyting.

Oversikt over saksdokumenta:

Planrapport med konsekvensutgreiing, datert 05.10.12 (PDF, 6 MB)
Saksframlegg (PDF, 2 MB)
Planrapport med konsekvensutgreiing, datert 23.02.18 (PDF, 5 MB)
Kart (PDF, 3 MB)
Førsegner og retningsliner (PDF, 584 kB)
Planprogram (PDF, 845 kB)
ROS-analyse (PDF, 47 kB)
Barnetråkk (PDF, 10 MB)

Planen i målestokk 1:5000 og saksdokumenta over, er også lagt ut på Servicetorget i Øygarden kommune.

Merknadar til reguleringsarbeidet

Merknadar til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:

Elektronisk skjema - Høyringsfråsegn
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Brev: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Merknadsfrist er sett til 1. juni 2018.

Vurdering av innkomne merknader ved 1. gangs handsaming. Sjå saksframlegg (PDF, 2 MB).

Kommunedelplan for Rongøy - Klikk for stort bileteKommunedelplan for Rongøy

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?