Høyring/offentleg ettersyn - detaljreguleringsplan Nyheimstunet bustadområde, Toftøy

PLANID 2017 0003 

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert privat forslag til detaljreguleringsplan for Nyheimstunet bustadområde lagt ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 10.04.18, sak 38/18.

Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for bustadar i variert samansetjing i form av bustadar i rekkje og leilegheitsbygg. Totalt er det planlagt for oppføring av 54 nye bueiningar.

Planforslaget består av plankart, reguleringsføresegner og planskildring.Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget

Oversikt over saksdokumenta

Saksframlegg (PDF, 660 kB)
Plankart i målestokk 1:1000, datert 18.12.17 (PDF, 507 kB)
Reguleringsføresegner sist revidert 18.12.17 (PDF, 182 kB)
Planskildring, datert 08.01.18 (PDF, 10 MB)

Merknadar

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:

Elektronisk skjema - høyringsfråsegn
E-post: postmottak@oygarden.kommune.no
Brev: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong


Merknadsfrist er satt til 1. juli 2018.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?