Høyring/offentleg ettersyn av detaljregulering for naust og småbåthamn, Rotevågsøy.

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 vert detaljreguleringsplan for Naust og småbåthamn på Rotevågsøy lagd ut til høyring og offentleg ettersyn for andre gang etter behandling i Utval for drift og samfunnsutvikling 11.04.19, sak 43/19.

Planforslaget består av:

Plankart, sist revidert 02.04.19, føresegner, datert 03.04.19 og planskildring, sist revidert 01.04.19

Planområdet omfattar eit areal på om lag 17 dekar. Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for naust og småbåthamn med tilhøyrande parkering. Forslagstillar er Magne Harkestad, med Dig Plan AS som plankonsulent.

Opphavleg planforslag låg ute til høyring og offentleg ettersyn i perioden 03.04.17 til 26.05.17.

Planområdet er no utvida frå 9 til 17 dekar, og omfattar heile det området som er vist med naustføremål i kommuneplanen. Omfanget av byggetiltak er redusert.

Planforslaget er i hovudsak i tråd med gjeldande kommuneplan der arealføremål er satt av til bygging av naust og småbåthamn. Reguleringsforslaget føreslår likevel som tidlegare parkeringsareal i LNF-område.

Dokument i saka

Saksframlegg
Plankart, sist revidert 02.04.19
Planskildring, sist revidert 01.04.19
Illustrasjonsplan
Føresegner, datert 03.04.19
Detaljreguleringsplan

Oversikt over alle dokument i saka.

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Øygarden kommune på ein av desse måtane:
pr elektronisk skjema høyringsfråsegn
pr e-post: postmottak@oygarden.kommune.no
pr post: Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong

 

Merknadsfrist: 01.07.2019.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 07.05.2019
Fann du det du leita etter?