Eikeilen næringsområde - endeleg vedtak mindre endring

Gnr/bnr 41/126 - Eikeilen næringsområde

Utval for drift og samfunnsutvikling vedtok i møte 18.10.2018, sak 100/18, å godkjenne mindre endring for Eikeilen industriområde.

Detaljreguleringsplanen er har fått endra reguleringsformål frå avfallshandtering (industri) til landbasert akvakultur (næring). Sentralt i prosessen har vore å oppdatere reguleringsplanen etter ny plan- og bygningslov (2008) og føringar frå kommune, fylke og stat.

Reguleringsplanen har fått oppdatert plankart, nye føresegn og ei enkel planskildring. Det har i prosessen vore utførd miljøanalysar, risiko- og sårbarheitsanalysar og trafikkvurderingar. Resultata der frå har blitt innarbeida i planen.

Vedtaket om endring blir med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12.

Den ovannemnde saka er behandla med følgjande vedtak:

Utval for Drift og Samfunnsutvikling (UDS) 18.10.2018 - saksnr. 100/18:

1. Utval for drift og samfunnsutvikling vedtek mindre endring for Eikeilen industriområde med tilhøyrande reguleringsføresegner etter plan- og bygningslova § 12-14. Som del av reguleringsplan er følgjande juridiske dokument:

  • Plankart, datert 02.10.18.
  • Føresegn, datert 05.10.18
  • Planskildring, datert 02.10.18.

2. Mindre endring for reguleringsplan for Eikeilen industriområde, plan-ID 19980001 vedteken 9.12.1998 skal gjevast ny plan-ID og nytt plannamn som syner at planen er oppdatert: detaljregulering for Eikeilen næringsområde med plan-ID 20180003. Plandokument må endrast i samsvar med nytt namn og plan-ID.

3. Tidlegare endring til eldre reguleringsplan, plan-ID 19980001, skal gjelde vidare med same plan-ID og tilhøyrande føresegn.


Dokument i saka

Saksframlegg
Plankartet i målestokk 1:500 (A0)

Føresegner
Planskildring
Trafikkvurdring
Illustrasjonsplan
ROS-analyse

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vedtaket kan påklagast etter plan- og bygningslova §§ 12-12 jfr. § 1-9 og forvaltningslova kap VI. Klagefrist er sett til 12. november 2018.

Me takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planskildring etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

Eventuelle krav om erstatning eller innløysing må sendast Øygarden kommune innan 3 år etter at reguleringsvedtaket er kunngjort (jfr. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3).

 

Utsnitt plankart. Datert 02.10.18. - Klikk for stort bileteUtsnitt plankart. Datert 02.10.18.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?