Detaljregulering Hjartøy - plan ID20170002

Endeleg vedtak av reguleringsplan

Øygarden kommunestyre vedtok i møte 13.06.18, sak 044/18 å godkjenne detaljregulering for Hjartøy – plan ID 20170002.

Vedtak i kommunestyret:

  1. Øygarden kommunestyre vedtek å godkjenne privat forslag til detaljregulering for Hjartøy, gnr/bnr 53/145 m.fl. Følgjande vert godkjend:

Planforslaget som skal behandlast, består av:

  1. Ved endeleg vedtak av 20170002 Hjartøy vil eksisterna reguleringsplan 20100007 Buena, Hjartøy opphevast.
  2. Før kunngjering av vedtaket kan skje må det liggje føre dokumentert feilfrie SOSI-filer av plankart.

De blir med dette varsla om planvedtaket i samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.

Vi takkar for bidrag i planprosessen. Les meir om endringar av plankart, føresegner og planbeskriving etter høyring og offentleg ettersyn i saksframlegga og saksprotokollen.

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla ved dette brevet, og planvedtaket blir kunngjort i lokal avis. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til tre veker frå den dagen vedtaket er motteke.

Krav om erstatning etter plan- og bygningslova § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjort.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 18.03.2019
Fann du det du leita etter?