Nedtelling til sykkel-vm

Avslutningshelga i Øygarden

Kalender

onsdag 24. mai 2017

Kommunestyremøte

Hending - Øygarden rådhus - Kommunestyresalen

måndag 29. mai 2017

Møte i Utval for Levekår

Hending - Øygarden rådhus

tysdag 6. juni 2017

Møte i RFF

Hending - Øygarden rådhus

Nybrottsarbeid for innbyggjarane

Atea vann konkurransen om å levere velferdsteknologi til kommunane Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden. - Klikk for stort bileteAtea vann konkurransen om å levere velferdsteknologi til kommunane Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden.

Saman med tre andre kommunar, banar Øygarden kommune veg for framtidas omsorgstenester. Onsdag 15. februar signerte kommunane Lindås, Askøy, Fjell og Øygarden ein avtale med Atea om heilt ny velferdsteknologi etter å ha gjennomført ein innovativ anskaffingsprosess.

Kake servert i møtet - Klikk for stort bileteKake servert i møtet Målet med teknologien er å gi eldre og andre som treng hjelp moglegheita til å bu heime lengst mogleg.
 

Lindås kommune har jobba med omsorgsteknologi i ei årrekkje, og er mellom dei fremste i landet på utprøving. Tilbakemelding frå brukarar og pårørande er at dei ulike sensorane gjer at dei kjenner seg tryggare heime - og gir auka livskvalitet. I november 2015 inviterte Lindås andre kommunar og leverandørar til ein dialogkonferanse. Meir enn 100 representantar frå 16 kommunar og 25 leverandørar stilte på møtet.

Etter konferansen knytte Lindås kommune ekstra tette band med kommunane Askøy, Fjell og Øygarden. Kommunane ønskte å samarbeid om kjøp av den rette teknologien, og bestemte seg for å starte prosessen med ei såkalla innovativ anskaffing. Frå Øygarden er det einingsleiar i pleie og omsorg som har vore ansvarleg for prosjektet.

– Dette var starten på løpet vi kryssar målstreken med i dag, seier prosjektleiar i Lindås kommune, Kari Bjørkheim. Ho vedgår at det har vore krevjande å samarbeide, men seier samstundes at samarbeidet er ein av suksessfaktorane.

– Det har vore eit tverrfagleg samarbeid, der kommunane har deltatt med ulik kompetanse, seier Bjørkheim.

Fleire ting er nytt og unikt med det desse kommunane no har gjort:

  • Samarbeidet mellom dei fire kommunane er nytt
  • Måten å invitere leverandørane til ei konkurranse på er ny. Kommunane har gjennomført ei innovativ anskaffing, som kort fortalt betyr at dei skildrar behovet sitt, ikkje produktet eller tenesta dei ønskjer
  • Teknologien som Atea skal levere er heilt ny
  • Tenestene til innbyggjarane i dei fire kommunane blir fornya og forbetra

Kommunane og vinnaren av anbodskonkurransen, Atea, markerte milepælen på rådhuset i Lindås kommune onsdag 15. februar. På markeringa var ordførar i Lindås kommune, Astrid Aarhus Byrknes, tydeleg på at dette er ei ønska utvikling.

– Dette er nybrottsarbeid. Det vi har gjort ilag er heilt unikt, seier ordføraren og legg til at ho ser fram til å følgje den vidare utviklinga.

– Velferdsteknologien betyr noko for brukarane våre. Eg har møtt brukarar i kommunen vår som seier at denne måten å jobbe på gir dei auka livskvalitet. I tillegg ser vi at utviklinga betyr noko for dei tilsette i kommunane våre. Å satse på denne måte, vere så framoverlent, gjer at det blir interessant å jobbe i kommunane våre, seier ordføraren i Lindås.

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 03.04.2017
Fann du det du leita etter?