Tekslo Seafood

Ein kald desemberdag i 2016 starta Jan Petter Monsen, saman med Runar og Robert Trellevik, bedrifta som har planar om å legge heile verda for sine føtter.

Krydderglass med ulike krydder frå Tekslo Seafood - Klikk for stort bilete
Produkter laga av Tekslo Seafood - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: Høsting og foredling av tang og tare, og forbrukarprodukt
Lokasjon: Tofterøy, Øygarden kommune
Tal tilsette: 6 faste, 4 deltid
Nettside: www.teksloseaweed.no

Alle tre hadde jobbar i oljebransjen og gjekk ei usikker framtid i møte. Det var då ideen kom.

–  Vi la merke til at kokkar var begynt å bruke tang og tare i menyane sine. Kanskje kunne vi òg bruke det til noko? Det finst jo meir enn nok tang og tare, mimrar Runar Trellevik.

Det viste seg at dei var inne på noko.

– Og etter at Havforskningsinstituttet trygde oss om at ikkje noko var giftig, drog vi rett ut i fjøra og smakte på alt vi kunne.

Vil ta merkevara ut i verda

Produkter laga av Tekslo Seafood - Klikk for stort bilete

Sjølv hadde ikkje dei tre gründerane erfaring med tang og tare, sett bort frå den du finn i sushi. No utgjer det hovudingrediensen i livsverket deira.

– Vi har planar om å ta merkevara vår ut i heile verda. Og så er vi opptatte av at alt vi gjer skal ha eit positivt fotavtrykk. 

Fokuset på berekraft kjem fram i alt frå måten dei haustar på til måten dei sysselset. 

– Vi tar inn ungdommar frå dei er 14 år, som får vere med på alt frå produksjon til hausting. Under haustinga viser vi dei korleis økosystemet fungerer og gir dei kunnskapen som trengst for å hauste på ein berekraftig måte. I tillegg loggfører vi alt vi haustar for å sikre at taren veks tilbake året etter. No har vi òg fått laga refill-posar, slik at vi slepp all glasemballasjen, forklarer Trellevik. 

Satsar på hudpleie

Då Trellevikene og Monsen først starta på denne reisa hadde dei berre ambisjonar om å levere tang og tare til restaurantar i Bergen. No har visjonen fått eit større nedslagsfelt. 

– Vi har levert til restaurantar som 1877, BERRE, Cornelius, og Marg og Bein, men etterkvart som vi leverte meir og meir, såg vi at tang og tare kunne ha fleire bruksområde enn vi først trudde.

I dag blir sjøkrydderet selt til Tekslo Seafood i dei største dagligvarekjedene i landet, og snart vil òg ein ny hudpleieserie på sju produkt stå i hyllene. 

– Vi lagar alt frå reins til nattkrem, og er veldig spente på lanseringa. Vi har samarbeidd med ein aktør som har vunne fleire internasjonale prisar for sine hudpleieprodukt tidlegare. Metoden vi bruker kallast å dobbel-fermentere, og som du sikkert har gjetta blir tang og tare hovudingrediens.

Går for 100 prosent utnytting 

Bedrifta går framleis med underskot, men omsetninga aukar for kvart år. Stadig finn gjengen nye bruksområde til tang og tare; der gjødsel og dyrefor er siste tilskot i rekka av nysatsninger.

– Vi ønsker 100 prosent utnytting av alle råvarer. Når vi haustar og tørkar har vi gjerne overskotsmateriale som  ikkje kan brukast til mat. Vi håper å komme i gang med eiga dyrking av tare til neste år, og planen er då å hauste to gangar. Den første går til mat, og den andre til gjødsel eller utvinning av høyverdige, bioaktive komponentar.

–  Kva treng bedrifta hjelp til per i dag?

– I den vekstfasen vi er i no treng vi tilgang på areal både i sjø og på land. Vi må òg få på plass konsesjonar for å dyrke tare. Dessutan treng vi nye lokale, for per dags dato held vi til på den gamle barneskulen på Tofterøy, og der byrjar det å bli veldig lite eigna for storproduksjon.