Sekkingstad AS

Eit berekraftig konkurransefortrinn. Den norske havbruksnæringa har naturgitte føresetnader som knapt nokon andre produsentar av matfisk i verda kan skilte med. Reint, kaldt hav og slaktefisk av topp kvalitet.

Anlegget til Sekkingstad AS på Skageneset på Sotra - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde: Produksjon, marknadsføring og sal av oppdrettslaks og ørret. 
Lokasjon: Skageneset på Sotra. 
Tal tilsette: 25 (med fabrikktilsette: 250) 
Nettside: www.sekkingstad.no 

Det konkurransefortrinnet ønsker Sekkingstad AS å ta vare på gjennom ein berekraftig produksjon og distribusjon til verdsmarknaden. Sjømatselskapet med røter heilt tilbake til 1923, omsette for i overkant av 2,7 milliardar kroner i 2020. Selskapet har hovudkontor på Skageneset på Sotra i Øygarden kommune utanfor for Bergen. 

Tenker berekraft

Selskapet kjøper levande laks og ørret som blir tatt vare på i eigne merdar før fisken blir slakta og frakta ut til verdsmarknaden. Rein norsk natur og ein verdsmarknad som stadig set høgre krav til berekraft, er eit av selskapet sine største konkurransefortrinn.  

– Hovudfokuset vårt innanfor berekraft er vårt eige, våre leverandørar og til sist kundane sine fotavtrykk. I tillegg jobbar vi for å redusere matsvinn, redusere miljøforureining og er opptatt av dyrevelferd, seier Bård Sekkingstad, eigar av Sekkingstad AS. Han legg til: 

– Berekraftsperspektivet er med i strategiske planar og i all produkt- og marknadsutvikling. Vi er heldige som jobbar internasjonalt med store og små bedrifter i over 60 land, som alle har krav til berekraftige leveransar. Det er òg til stor hjelp for vår eiga utvikling på området.

Lakseproduksjon - pakking av laksefiletar - Klikk for stort bilete

Året rundt

Med eit tett og godt samarbeid med produsentar og samarbeidspartnarar, kan Sekkingstad spesialtilpassa produkta og levere førsteklasses laks og ørret 52 veker i året.   

– Salsapparatet vårt er tett på fisken som skal seljast. Det er ein fordel når det kjem til ein ekstra kvalitetssjekk. Dermed er kunden alltid garantert den kvaliteten dei forlangar.   

Løyndommen, ifølgje Bård Sekkingstad, er å skape trivsel, tryggleik, utvikling og engasjement i arbeidskvardagen. Dermed sikrast stabiliteten og kompetansen i drifta.  

– Vi har ein svært låg turnover. Det betyr at kundane og samarbeidspartnarane våre møter dedikerte tilsette som har stor kunnskap og lang fartstid i bransjen, seier han og legg til: 

– Arbeidsmiljøet er prega av den lange historia vår som familiebedrift, der innovasjon, evne til omstilling, samhald og vinnarkultur er berebjelkane for vidare suksess inn i framtida. 

Satsar på innovasjon 

Sekkingstad er stolt over ein organisasjonskultur som han beskriv som marknadsorientert, innovativ og fleksibel. 

– Noreg er verdsleiande på slakting av laks. Forutan våre eigne innovasjonsprosjekt søker vi innspel og kompetanse frå konkurrentar og leverandørar, seier han og utdjupar: 

– Det er relativt stor informasjonsflyt i næringa som kjem alle til gode. For vidareforedling av fisk gjeld i stor grad det same innan bransjen, men vi har eit stort potensial for å lære frå resten av næringsmiddelbransjen. Vi har òg ein del utveksling av kunnskap innan pakkemetodar og emballasje, men her har vi enno mykje å gå på.  

Høgt ambisjonsnivå

«Old, but fit as a fiddle» er slagordet til Sekkingstad. Det inneber òg å halde stø kurs med eit felles verdigrunnlag for alle dei tilsette i bedrifta. 

– Verdigrunnlaget vårt handlar om kunnskap, tryggheit, engasjement, fleksibilitet og å være løysingsorientert. Då trur vi òg at vi kjem til å oppfylle visjonen om å vere ein føretrekt produsent og tilbydar av lakseprodukt til den globale marknaden. 

– Planlegg de å utvide med nye forretningsområde? 

– Sjølv om vi først og fremst er ein råvareprodusent, utvidar vi med ein stadig større del vidareforedla produkt. Nyaste er «ready–to–cook»-produkt som til dømes fiskeburger med forskjellige smakar. Alle produkta er utvikla i nært samarbeid med kundane våre. 

– Kva treng bedrifta hjelp til? 

– Lokalt så har vi behov for støtte og hjelp til utvikling av Skaganeset som relevant stad for ilandføring og vidareforedling av laks og ørret.