Franzefoss Gjenvinning AS

Skite oljevatn blir nesten som nytt etter å ha vore gjennom prosessane til Franzefoss på Ågotnes.  

Franzefoss Gjenvinning AS på Ågotnes - Klikk for stort bilete

Fakta

Forretningsområde:  Reinsing av oljeboringsavfall frå oljeindustri (På Eide) og avfallsløysingar for alle bransjar  
Lokasjon:  Eide, Ågotnes 
Tal tilsette: 24 på Eide (430 tilsette i heile Franzefoss)  
Nettside: www.franzefoss.no

Gjenvinning, berekraft og gjenbruk er stikkord for Franzefoss. På Eide på Ågotnes har bedrifta ei unik oppgåve. Der er dei 24 tilsette som syter for at skite oljevatn frå primært oljeboringsaktivitet og reingjering av skip eller landbasert næring blir reinsa og filtrert.

 Slik kan farleg avfall bli handsama på miljøvenleg vis.   
- Vi vil gjenvinne så mykje som mogleg. Hos Franzefoss har vi eit sterkt fokus på ytre miljø og å gjere alt vi kan for å minske forureining, seier Mona Tønne, marknadssjef i Franzefoss.   

Det beste valet  

Tønne seier at dei viktigaste verdiane til bedrifta er at dei skal jobbe så berekraftig og miljøvenleg som mogleg. Dei vil ta vare på naboane til anlegga sine, følgje alle krav, reguleringar og lover.   

- Alt vi gjer skal vere ordentleg, ope og skikkeleg, seier Tønne. Ho fortel at det aller viktigaste dei gjer, er å ta imot og handsame avfall. På Eide er det hovudsakleg oljeborings-avfall som blir reinsa for olje og andre parametere.   

- Vi kan reinse alt av skite vatn. Typiske oppdrag for anlegget på Eide er å motta avfall ved kai som kjem  inn anten i containerar eller som bulkfraksjonar. 

Avfall frå reingjerings-tenester frå forsyningsbaser og verft er også fraksjonar som blir mottatt, dette kjem som oftast via landevegen. Vi tømmer, vasker, reingjer og reinsar.

For oss i Franzefoss er det vesentleg å ta vare på ressursane og å brenne minst mogleg. Her skal vi finne dei gode løysingane som lagar minst klima-avtrykk. Franzefoss skal vere det beste valet når det kjem til gjenvinning.  

Fleire kjemiske prosessar  

Avfallet som kjem inn til Franzefoss går gjennom mange ulike kjemiske prosessar, samt termisk prosess. Slik blir vatnet reint nok til å gå ut att i sjøen. Dei har ulike tankar til ulike steg av reinsinga av oljevatnet. Oljen som blir skild ut, kan brukast om att. I den termiske prosessen blir olje, tungmetall og andre forureiningar skilt vekk frå steinstøvet, dette steinstøvet går på deponiet som dei har på Eide.  

- Det er viktig å gjere mest mogleg av dette på staden, slik at vi minimaliserer transport. Transport krev mykje energi og slepp ut CO2. Det vil vi unngå så langt vi kan. Om vi fraktar avfall over lange strekningar, går vinninga opp i spinninga med tanke på miljørekneskapen, seier Tønne.     

Franzefoss Gjenvinning AS på Ågotnes - Klikk for stort bilete

 

Nye område?  

Tønne fortel at Franzefoss ser på nokre nye forretningsområde for heile Franzefoss som bedrifta kan utvide med.  

- På Eide har vi spesialisert oss på ein prosess med å skille olje og vatn, og det vil vi halde fram med der. I Franzefoss, som held til over heile Sør- Noreg, ser vi for tida på om vi kan gjere noko med avfall frå oppdrettsnæringa; kva  kan gjerast med slam frå desse? Vi ser óg på gipsplater frå byggeprosessar; kan desse brukast på ny? På Austlandet vurderer vi om vi kan lage fjernvarme frå gruvedrift, fortel Tønne. Ho seier at Franzefoss ser etter robuste løysingar som ikkje krev for mykje energi.   

Visjonar for framtida  

Franzefoss ser føre seg å betre arbeidsprosessane sine framover og gjere desse meir miljøvenlege. Dei har sett opp nye tankar som gjer denne prosessen betre fordi den handsamer avfallet på førehand. Dette vil gje om lag 30 prosent sparing i utslepp av CO2.   

- Vi jobbar heile tida med å gjere prosessane våre betre og gjere dei meir miljøvenlege. Vi i Franzefoss er opptekne av å sortere avfall så forsvarleg som mogleg.   

Viktig å ha infrastruktur 

André Kausland, divisjonsleder for Divisjon Offshore, Prosjekt og Industritjenester, seier at i samband med Franzefoss si satsing på nye område og oppgåva med ta ein større del av verdikjeda etter mottak av avfall, har bedrifta inngått eit samarbeid med Depo Solution; ei bedrift som planlegg fleire fabrikkar som skal produsere syntetisk diesel framstilt av plast eller olje. Med dette kan plast som problemavfall bli til ein ressurs og ei råvare. 

Kausland seier at ved ei eventuell etablering av Depo Solution eller annan næringsaktivitet på Eide, er det viktig at kommunen legg infrastruktur til rette, då spesielt kraftforsyning og eventuelt utbetring av vegen ned til Eide.  

- Kommunen må også være ein støttespelar og pådrivar i eventuelle byggesakjer og konsesjon og søknadar om løyve anten mot Statforvaltater eller aktuelle direktorat.