Vil bruka naturen og naturressursane

Mariann Persson i Bergen Fjord Adventures held seg mykje ute i skjergarden. På tysdag var ho innomhus i Gründerparken klar for å ta imot ordførar Tom Georg Indrevik som skulle overrekkja henne Miljøfyrtårn.

- Verksemda vår har miljøfokus som utgangspunkt, seier innehavar av Bergen Fjord Adventures, Mariann Persson, som har denne veka fekk Miljøfyrtårn overrekt av ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bilete- Verksemda vår har miljøfokus som utgangspunkt, seier innehavar av Bergen Fjord Adventures, Mariann Persson. Denne veka fekk ho Miljøfyrtårn overrekt av ordførar Tom Georg Indrevik.

  

Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.

Gründer og innehavar av Bergen Fjord Adventures, Mariann Persson) er tydeleg på at ressursane som naturen vår byr på må brukast. Dei er der, rett framfor oss, i fjæresteinane, med tang og tare, strandsniglar, skjell og taskekrabbar. Dette resulterer i eit herleg måltid med sjøsmak.

Bergen Fjord Adventures vart stifta i 2016 og har vore ein del av Gründerparken på Straume. Mariann Persson vil gjerne at verksemda skal verta miljøsertifisert.

- Aktiviteten er størst i perioden april til september. Kundane er bedriftsgrupper og turistgrupper, ikkje minst amerikanarar. Verksemda har miljøfokus i utgangspunktet, men vi må synleggjera det endå betre. Det er strenge krav og oppfølging når det gjeld utslepp og forbruk, seier Mariann Persson som i tillegg til seg sjølv har to medarbeidarar ho nyttar etter behov.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke