Miljøfyrtårn er eit verktøy for sertifisering og miljøleiing som skal hjelpa bedrifter til å lukkast med den grøne omstillinga. Etter at bedriftene har dokumentert at dei kan få status som Miljøfyrtårn, er det klart for utdeling.
NovuMare starta opp i 2017 og var frå starten lokalisert i Gründerparken. Bedrifta vaks ut av Gründerparken og er no etablert i same bygg, men eigne lokale i Straume Teknologisenter. Pr. dato har verksemda åtte tilsette i full stilling.
Dei tilsette har erfaring i beredskap mot akutt forureining og deltek i aksjonar i inn og utland.
- Dei tradisjonell kundane er gjerne oljesektoren. Hovudoppdraget vårt er rydding av marin forsøpling. Vi ryddar langs kysten på strekninga mellom Austrheim og Stadt, ei strekning på 850 kilometer i kystlinje. Andre område er Agder, Rogaland og Finnmark, seier Jørgensen.
I 2022 vil NovuMare samla inn vel 100 tonn søppel langs kysten. Selskapet tilbyr også øving og trening av mannskap frå mange land til å gjennomføra rydding av marin forsøpling. Den viktigaste finansieringskjelda til NovuMare er Handelens Miljøfond som støttar prosjekt som reduserer plastforsøpling, aukar plastgjenvinning og reduserer forbruk av plastbæreposar.
NovuMare fekk brått ei viktig oppgåve då fregatten KNM «Helge Ingstad» kolliderte med eit tankskip og havarerte i november 2018.
- Vi hadde allereie ein avtale med Equinor, og mellom to og fire personar var engasjert med beredskap og logistikk i tre – fire månader den vinteren. Mykje av det sertifiseringa krev av oss, ligg i det vi driv med, seier Odd gunnar Jørgensen og Rune Holmen som møtte ordføraren for å ta imot Miljøfyrtårnet på tysdag.
Tekst og foto: Vigleik Brekke