Deler ut millionar til næringslivet i Øygarden

Denne våren vert det delt ut inntil 14,3 millionar kroner til næringslivet i Øygarden som er særleg ramma av lokale eller nasjonale smittverntiltak.
- Søk med ein gang dersom verksemda di er ramma av tiltaka, seier dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling, Anita Mannes.

Aleksander Helmersberg i Milla Says har god erfaring med tildeling av krisemidlar. Til høgre; dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling - Klikk for stort bileteAleksander Helmersberg i Milla Says har god erfaring med tildeling av krisemidlar. Til høgre; dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling, Anita Mannes.   

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har fordelt midlane til kommunane. I Øygarden er det Øygarden næringsutvikling som på vegner av kommunen fordeler pengane. På tysdag denne veka vedtok formannskapet dei formelle kriteria for å få støtte.

-Reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane er framleis dei som er hardast ramma, men det er også mange andre lokale verksemder som er ramma. Difor oppmodar vi alle lokale verksemder som er særleg ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak til å søkja med ein gang. Søknadene vert behandla fortløpande fram til 31. mai, seier Anita Mannes.

Det er altså nokre bransjar som er prioriterte til å få krisemidlar. Likevel går det fram av kriteria at andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar også kan søkja om støtte frå denne tilskotsordninga. Det er til dømes private fritidstilbod, handelsverksemd, kulturnæringar, organisasjonar, idrett og frivillig arbeid.

Søknadene skal sendast inn via www.regionalforvaltning.no. Der finn ein nærare informasjon om kriterium for å få støtte. Hovudkriterium for tildeling er fall i omsetnad og likviditetsutfordringar.

God erfaring frå sist tildeling i Øygarden

Aleksander Helmersberg i Milla Says er ein av sosialentreprenørane som fekk midlar i sist tildelingsrunde.

- Krisemidlane eg fekk i fjor vår gav meg draghjelp til å halda «trøkket» opp og at eg slapp å permittera, seier Helmersberg.  Milla Says er eit selskap som utviklar digitale løysinga som løftar barn, unge og vaksne med manglande eller avgrensa verbal tale til å kunna ha ein god kommunikasjon med dei rundt seg.

Koordinator og leiar for Vekstportalen, Sirianne Arnestad Hellerud, har gjennom dei tidlegare tildelingane hatt tett dialog med dei aktørane som har søkt om støtte.

- Verksemdene i Øygarden har i over eitt år hatt det krevjande med strenge restriksjonar, omsetningsfall og svekka økonomi.  Det er difor viktig at verksemdene no får økonomisk hjelp. Det er eit viktig signal til verksemdene som står på døgnet rundt for å halda hjula i gong. Verksemdene bidreg med enorm verdiskaping og er heilt avgjerande for å sikra trygge arbeidsplassar, seier Arnestad Hellerud

Vekstportalen er i dagleg kontakt med kriseramma verksemder i Øygarden kommune som har etterspurt desse midlane. Sirianne Arnestad Hellerud oppmodar både store og små verksemder til å søkja om støtte.

Det vert fortløpande behandling av søknadene, og tildelingsbeløp vert utbetalt så raskt som mogleg etter behandling.

Spørsmål knytt til søknaden kan rettast til Vekstportalen ved Sirianne Hellerud; sirianne@vnr.no

Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Hanne Misje Lokøy