Lokalsamfunn med MOT

Logo med tekst, kvit bakgrunn - Klikk for stort bilete Trygge og engasjerte ungdomar med stor sjølvtillit og positiv framferd er prov på at MOT-arbeidet har stor verdi. Mange ungdommar gir tilbakemeldingar om at MOT gjer ein forskjell.  Som ein sa: ”Eg har fått ny tidsrekning; livet før og etter MOT…”

Lokal MOT-leiar:
Åse Vik
Tlf: 56 38 20 00
E-post : asv@oygarden.kommune.no

Lokal MOT-manager:

Regine Oen Hatten
Tlf: 468 22 577
E-post: regine_hatten@hotmail.com

Lokal MOT-koordinator
Arne-Gunnar Solsvik
tlf: 971 81 277
E-post : ags@oygarden.kommune.no 

Øygarden har vore MOT-kommune sidan 2001. I 2009 vart avtalen utvida til:

Lokalsamfunn med MOT (LmM). Politisk er det stort engasjement i MOT-arbeidet, og  heile kommunestyret stilte seg bak når avtalen med MOT vart fornya i 2009. Kommunen har erfart at MOT sitt verdigrunnlag passar godt inn i kommunen sine tradisjonar, verdiar og kultur, både i Øygarden kommune som organisasjon, men også i lokalsamfunnet elles. Det er kanskje ein av grunnane til at samarbeidet mellom MOT og Øygarden har vore ein suksess. 

Kva er MOT?

MOT vart starta av norske toppidrettsutøvarar i 1997. Initiativtakarar var skøyteløparane Atle Vårvik og Johann Olav Koss.

·        MOT er ein haldningsskapande organisasjon som jobbar for og med ungdom

·        MOT sitt mål er å bidra til robuste ungdommar og trygge ungdomsmiljø

Grunntanken til MOT:

·        Bevisstgjera ungdom til å ta val som gjer at dei meistrar livet

·        Styrkja ungdomen sitt mot til å ta vare på seg sjølv og kvarandre

·        Driva haldningsarbeid med fokus på verdiar, val og tru på eigne krefter

 

Grunnverdiane til MOT:

·        Mot til å leva

·        Mot til å bry seg

·        Mot til å seia nei

Kva er LOKALSAMFUNN MED MOT?

Lokalsamfunn med MOT er ein heilskapleg modell for å nå best mogleg inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap. Dette vert synleggjort slik:

·        Toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor verdi i MOT sitt haldningsarbeid

·        MOT er en raud tråd på ungdommen sine arenaer. Gjennom program i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg identitetssymbol, kan det å ta eigne val og få mot til å bry seg verta ein livstil for ungdom som ønskjer det

·        Ein har etablert  tamburinteam - lokale team med forskjellige roller frå forskjellige samfunnsgrupper, som skaper felles forståing og deler kunnskap og inspirasjon

Øygarden kommune har hatt, og har eit omfattande MOT-arbeid med faste aktivitetar og ”happeningar”. Faste aktivitetar er mellom anna MOT sitt skuleprogram, foreldrerettleiing og ulike aktivitetar før- og etter skuletid (musikk, sport, IT, leksehjelp osv.). Spesielle ”happeningar” kan vera turar, konsertar, skulefrukost, kick-off m.m. Slike arrangement vert oftast lagt til utsette dagar som 16. mai, 30. april/1. mai, 23. juni m.v. for å unngå rus og utsetja rusdebut. 

Ein populær aktivitet er MOT-økta kvar onsdag morgon kl 07.00 – 08.30. Her møtest om lag 1/3 av alle elevane på ungdomsskulen til fysisk trening og påfølgjande frukost med nysmurte baguettar og juice. Entusiasmen er stor og resultatet er vakne og motiverte elevar. 

Kommunen deler ut MOT-sekk til alle 8. klassingar kvar haust for å skapa felles identitet og eigarskap til MOT-verdiane. Som oppfølging av inngått avtale om LmM, fekk alle tilsette i kommunen (over 500 personar) MOT-sekk i julegåve i 2009. Sekken vart utdelt på den årlege julefesten der MOT i ulike variantar stod på programmet. Blant dei tilsette vert MOT brukt for å byggja positivt arbeidsmiljø og gode tenester. F.o.m. 2010 får alle nytilsette  MOT-sekk når dei startar i kommunen.

Publisert av Silvia Haugland. Sist endra 18.01.2016
Fann du det du leita etter?