Kunstprosjekt; «Min farge på veggen»

Foto kunstprosjekt - Klikk for stort bilete Permanent utsmykking av Hjeltefjorden arena
Er du elev frå 5. til og med 10. klasse er du velkommen til å bidra i dette kunstprosjektet.

- 2 timar kvar onsdag, kl. 17.00 - 19.00
- 18. oktober til og med 13. desember med montering og befaring i februar 2018
- Pris: Fast frammøte, elles kr. 0

Søk her snarast på søknadsskjema til kulturskulen


Hjeltefjorden Arena skal bli Øygarden si nye storstove for idrett og leik. Som eit ledd i å skapa tilhøyrigheit og lokalt eigarskap for barna som skal bruka hallen, ønsker arkitekt å invitera kulturskulen i Øygarden med på å lage eit kunstprosjekt til ei eller fleire vegg-flatar i hallen.

Fokus i kunstprosjektet spring ut av eit viktig arkitektonisk element i hallen, nemleg fargar.

Ved å bidra med sin farge i bygget, kan elevane vera med på å setta sitt preg på idrettshallen.

Tanken er at elevar, søsken, foreldre og besteforeldre som kjenner igjen eleven sitt bidrag i hallen kjenner sterkare eigarskap til idrettshallen, og dermed vil yta det vesle ekstra for å ta godt vare på den i framtida.

I brosjyra "Min farge på veggen" kan du lesa meir om kunstprosjektet (PDF, 490 kB).

Min farge på veggen - plakat1jpg.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Beate Hetlevik. Sist endra 27.09.2017
Fann du det du leita etter?