Dino-skulen

Dino-skulen er eit DUÅ program for førskulebarn som har som mål å styrke barna sin emosjonelle og sosiale kompetanse, samt å styrke barna sitt sjølvbilete og oppleving av meistring.

Ved hjelp av samtaler, filmsnuttar, ulike aktivitetar og handdukker lærer vi oss:

  • Korleis bli kjend med og sette ord på følelsar hos seg sjølv og andre
  • Ferdigheiter for problemløysing, konfliktløysing og sinnemeistring
  • Å lytte, vente på tur, dele, hjelpe andre, samarbeide og gi kvarandre komplimenter.

Dina dinosaur er sjefen for dinoskulen. Willy lærer oss å løyse problem Mari lærer oss korleis vi kan hjelpe andre og ta kontakt på ein god måte. Lilleskillpadde lærer oss kva vi skal gjera når vi vert sint.

Dino figur - Klikk for stort bilete

 

Willy figur frå Dino-skulen - Klikk for stort bilete