Veke 51 (14.12 - 20.12.2020)

Så tenner vi tre lys i kveld, for lengsel, håp og glede

De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede

Så tenner vi tre lys i kveld for lengsel, håp og glede

Inger Hagerup 

Klikk for stort bilete 

Så går den tredje adventsveka mot slutten. Det har vore enda ei kjekk og fin veke, fylt med mykje juleverkstad, leik, song og moro. Dei fleste barna er ferdig med alle juleoverraskingane sine, så dei sendast heim etterkvart som det passar seg slik. Så no skal vi berre nyte dei siste dagane i lag, med masse musikk, dans, sang, utetid, fin leik og samspill før julefreden senkar seg over barnehagen. Vi vonar jo sjølvsagt at julefreden også er i ferd med å senke seg over heimane rundt omkring. 

Vi har hatt nokre våte turar ute. Jo større dammar, jo kjekkare er det å vere ute. Barna hoppar i dammane og flyttar vatnet frå dammane og oppi bøtter. Vatn får ein visst aldri nok av, men er med på å gjere barna kjend med både mengde, vekt og størrelse. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har feira bursdag denne veka - med krone, song, fyrverkeri og skattekiste. Eit årsdag er ein stor dag!

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vekas absolutte høgdepunkt var i dag, da det var tid for den tradisjonelle nissefesten. Med ein litt annleis nissefest, avdelingsvis, var det ekstra stas når nissen viste seg fram. Og for ein morosam og sprek nisse! Både små og store blei imponert og bergtatt, ein bedre nisse skal ein leite lenge etter. Han hadde til og med gåve med til barna. Vi gler oss allereie til han forhåpentleg kjem attende neste år.  

 

Etter den store begivenheten med nissefar, fekk vi nissegraut. Det smakte veldig godt, med smørauge, sukker, kanel, rosin og raud saft til kunne ein sove ekstra godt.  

Vonar alle får ei fin adventshelg, fylt med varme og gode minnar.