Veke 50 (07.12 - 13.12.2020)

Andre veka i advent

Inger Hagerup:

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

De står og skinner for seg selv og oss som er tilstede

Så tenner vi to lys i kveld, to lys for håp og glede

Så går andre veka i desemer mot slutten. Veka har vore fin, fylt med masse juleverkstad, song, kos og leik. Barna har fått prøve seg på ulike formingsmaterialer, naturmaterialer, papp,  mat og glas. Nokre barn synast det er veldig kjekt med maling, medan andre synast det er ekkelt og klissete. Derfor får barna velge litt sjølv kor mykje dei vil gjere, da det er viktig for oss at gåvene dei lagar er laga av barna. Bilete av produkta kan vi sjølvsagt ikkje legge ut her, men de kan få ein liten smakebit: 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har kjekk leik på avdelinga og barna likar veldig godt å  leike med duplo. Nokre av barna har bygd høgt tårn. Det er spennande å sjå kor høgt vi får det før det rasar saman. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I dag har vi hatt ei annleis Lucia - markering i barnehagen. Samarbeidskohorten vår, gjekk i Lucia - tog og sang Luciasangen til oss på Tyrihans. Det er alltid fint å sjå barna kome i kvite klè, med lys og sang. Etterpå åt vi deilige lussekattar - gjett om dei smakte godt! Kanskje nokon skal bare lussakattar heime, på sjølvaste Lucia - dagen, som er på førstkommande søndag?

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Etter markeringa og  magen fulle av lussekatter, kjente vi at det ville vere godt med ein god luftetur. I dag var "hauen" ledig, så vi kunne få vere der oppe. Der treffer sola litt no om vinteren, godt å kjenne sola i andletet. Barna trivst godt der oppe, klatrar, dissar, er i sjørøvarskuta og i leikehytta. 

 

No tar vi snart helg - vonar alle får ei fin helg med Lucia og tredje søndag i advent.