Veke 49 (30.11 - 06.12.2020)

Advent

av: Inger Hagerup

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Det står og skinner for seg selv og oss som er tilstede

Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede


Klikk for stort bilete 

Vi har hatt en fin første uke i advent.

På måndag, gjekk vi til tur til bu og servicesenteret for å levere frå oss avdelinga sitt bidrag til deira pepperkakebygd. Der fekk vi vinke til brukarane gjennom vindauga.

Vi har jobba litt med fargen grøn og fått leike oss med grønmaling på hendene. Det er ein rar kjensle å halde på med malinga, litt kaldt og klissete, men stivt og varmt når det begynnar å tørke. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kvar dag har vi hatt adventssamling. På samlingane har vi tent lys, trekt adventskalender og snudd eit av hjartene som heng på vinauga. På hjartene står det ulike aktivitetar vi skal gjennomføre i samlingane, for eksempel ein song, eit eventyr eller ein fysisk aktivitet. 

 

I dag har vi hatt litt avslutning for Monika - sjef. Ho har hatt sin siste arbeidsdag i Leirstaden og skal vidare på nye eventyr. Vi er heldige som har hatt ein så god, engasjert, omsorgsfull og fagleg dykteg styrar. Vi ynskjer ho sjølvsagt masse lykke til vidare og kjem til å sakne ho.

No gler vi oss til helg og andre søndag i advent. Vonar den blir fin!