Veke 48 (23.11 - 29.11.2020)

  Gode vener veks ikkje på tre, dei finn vi i barnehagen.

Klikk for stort bilete 

Denne veka har vår tradisjonelle vennskapsveke blitt gjennomført. Det er ei veke som vi har kvart år i Leirstaden barnehage. Her har vi ekstra fokus på det å vere ein god ven og korleis en skal vere mot kvarandre. Barna har laga fine hjarte i regnbogens fargar. Dei heng på haugen og skal gje oss ei fin påminning om gode opplevingar med vener. I tillegg vonar vi dei kan glede og gi gode kjensler til alle som går og køyrer forbi barnehagen vår. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

Barna har laga fine armband til kvarandre. Dei trakk ein lapp, med namnet på ein ven frå avdelinga. Denne venen har dei laga og gitt eit armband til. Det kan vere litt rart å gje det til andre, men så får ein så god kjensle når ein får eit tilbake. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har og hatt fokus på vener på tur. Når vi er på tur saman, må vi passe på at alle er med og har det fint på turen. Vi ventar på kvarandre, hjelpar kvarandre og trøystar om nokon er lei seg eller slår seg. Også på uteplassen er fokuset å vere saman og vere gode med kvarandre. Barna samlast i leikehusa, sandkassen eller spring saman i dei store dammane som er på matta. 

"Kroppen min" er også i fokus for tida. Vi snakkar om kroppen, min kropp og din kropp. I tillegg studerar vi kvarandre med augefarge, hår og krøllar/glatt hår. Vi har brukt kroppen godt, med at vi har dansa til Blime - dansen 2020. Den kan de sjå med barna her om de vil: https://www.youtube.com/watch?v=cWUfgj9QkZY

“Når man har venner som ligger nærmest hjertet, hører man at det andre hjertet roper.”

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

No ser vi fram mot helg og advent. Vonar helga blir fin og de får ein fin første søndag i advent.