Veke 47 (16.11 - 22.11.2020)

 Regn

En er en og to er to
Vi hopper i vann, vi triller i sand
Sikk, sakk vi drypper på tak
Tikk, takk det regner i dag

Regn, regn, regn, regn
øsende regn, pøsende regn
Regn, regn, regn, regn
deilig og vått, deilig og rått!

En er en, og to er to
Vi hopper i vann, vi triller i sand
Sikk, sakk vi drypper på tak
Tikk, takk, det regner i dag


Kilde: Sigbjørn Obstfelder

Klikk for stort bilete 

Så nærmar veke 47 seg omme. Enda ei veke med mykje vèr, regn, storm, sludd og snø.

Vi har hatt ei god veke i lag på Tyrihans, kor vi har tjuvstarta litt på advent, med å lage pepparkakehjarte til adventskalenderen vår. Når vi bakar, fyllar heile barnehagen seg med god julelukt! Når kakene var ferdig og kalde, fekk barna pynte sine hjarte med nonstop og seigemenn. Nokre pynta hjarte så fullt dei  kunne, medan andre helst ville smake på det meste av pynten. No gler vi oss til å hengje dei opp, saman med julestjerne og anna julepynt.

 

Klikk for stort bilete 
 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sjølv om det har vore mykje vèr, har vi vore ute og leika. Nokre dagar har det vore så vått, at vi omtrent har kunna køyre båt på leikeplassen. Barna synast sjølvsagt at det er ekstra kjekt når det er mykje vatn og klagar seg sjeldan, før dei er komen inn og kjennar vatnet kryp oppover armen på gensaren. Da er det godt å skifte til tørre og varme klede!

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bileteRo ro ro din båt, ta din åre fatt. Vuggende, vuggende, vuggende, vuggende - over kattegat. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vi har hatt samling med kofferten. Den fylte vi med ulike dyr som vi både prata og sang om. 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

På slutten av veka fekk vi SNØ! Gjett om det var kjekt! Da måtte vi sjølvsagt ut og utforske leikeplassen og verda (amfiet), som blir heilt annleis når den er kvitdekt og skinnande. Når vi leikar med snøen, brukar barna sansane sine, med å kjenne på at huda blir kald, snøen smeltar, den smakar som vatn når den smeltar i munnen og forandrar uttrykk når den blir skitten, får tilført farge eller smeltar. 

 

 

No vonar vi snøen blir liggande i helga, slik at de får nyte litt utetid saman med barna.

God helg! :)