Veke 46 (09.11 - 15.11.20)

Fargejakt, eventyret om bukkene bruse og leik på haugen. 

Klikk for stort bilete  

Ei ny innhaldsrik veke går mot slutten. Også denne veka har vi fylt med gode opplevingar. 

Vi har vore på tur i nærområdet. Målet med turen var å leite etter gule ting som var langs turvegen vår. På turen fann vi mykje gule ting, blant anna; taket på eit leikeapparat, ei gul lue, gule blad, gule blomar, eit gult skilt, gule jobbemenn og gule vestar. Barns medverknad er ein viktig del av barnehagedagen, så når vi går på tur, har vi fokus på at barna skal få vere med å styre turen så lang det lar seg gjere. Difor gjekk nokre av barna litt lengre tur, medan andre stoppa opp for å utforske skog, mark, lyng og tre. 

Onsdag fekk vi vere på haugen. Når ein har arbeida hardt for å komme seg opp den bratte bakken, er det veldig stas å få vere der oppe og leike. Der er masse plass å boltre seg på, med både sjørøvarskute, leikehytte, ulendt terreng og ufo - dissa. 

Vi har også hatt nokre fine samlingsstundar på det lille rommet vårt den siste veka. Der har vi hatt skyggeteater med eventyret om dei tre bukkene bruse, som skulle til seters og gjere seg feite. Barna på avdelinga, er spesielt interessert i dette eventyret for tida, og følgjer spent med når eventyret blir fortalt og når vi syng songen på bukkene bruse. 

 

 

No gler vi oss til helg. Håpar den blir bra!