Veke 45 (02.10 - 08.10.2020)

Ny månad, ny farge og ein ny venn.

Klikk for stort bileteKjekt å leike i lauvet som samlar seg med haustvinden inne i "akvariet".  
 

Så var november komen for å helse på. Veka starta med at ei ny jente begynte på avdelinga. Det var kjekt å få ein ny venn til oss, og skal etter kvart bli godt kjend med ho. 

Vi gler oss til å ta fatt på den nye månaden og fargen gul. Det er allereie komen opp nokre gule bilete på veggen ute i "akvariet". Denne gongen prøvar vi oss med å male med bobleplast, det gav fine mønster på arka!

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Klikk for stort bilete 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Også denne veka har vi hatt mykje utetid, med leik på uteplassen og turar utanfor porten. Mandag gjekk halve avdelinga på lang tur innover Kyrkjevegen. Barna fekk bestemme retninga, så det blei ein kjekk løpetur ned til Arefjordpollen, og ein litt tung tur opp igjen fra Arefjordpollen. Så det var ein trøtt gjeng som sat seg til lunsjbordet når vi var tilbake på avdelinga. Onsdag hadde vi oss ein fin tur med heile avdelinga bort til aldersheimen på Straume. Der fekk vi utdelt peperkakedeig, som vi skal bruke til å lage eit bidrag til dagsenteret si eiga peparkakebygd. 

 

Med planleggingsdag fredag, blei det ei kort veke for barna denne veka. Men håpar de nyt ei fin langhelg saman.