Veke 2 (11.01-15.01.2021)

Sol, akebrett og glitter

Klikk for stort bilete 

Denne veka har me leika med blå og kvit maling, som me hadde glitter på. Det var spennande å male, og barna malte både med pensel og hendene. Nokre ville også male på seg sjølv. Planen var at alle barna skulle gjere dette denne veka, men med sol og snø ute lot me maling ligga og tok turen ut.

 


 

Vi har vore masse ute denne veka, og flotte dagar har med hatt. Vi har nokre akebrett som ungane har leika med, og det viste seg snart at det var minst like kjekt å dra akebrettet, som å sitte på. Vi har også nokre gode varme reinsdyrskinn som barna kunne sitte på, og utforske snøen derifrå, om dei ville det. Dissene er fortsatt populære, og snø er like bra som sand når du har bøtter og spadar.