Så var det nye året her, og det starta med flotte og kalde dagar. Så kaldt at nokre storbarnsavdelingar har pynta porten med figurar av is. Sjølvsagt i blått, fargen me har fokus på no i januar. Når me leita fann me ut at me hadde mykje som var blått rundt oss, me gler oss til å jobba meir med denne fargen.
Inne har me ommøblert litt, og det var svært kjekt å kunne bygge duplo inne på "rommet". Barna bygga høge tårn, leika med dyr og bilar, og fann ut kva lyd duploen laga når den traff golvet. Det er kjekt å utforske lydar, sjølv om det blir ein del å rydde etterpå.