VEKE 47 (16.11-20.11):

Nok ei veke er over, og nå nærmar jula seg med stormskritt. Vi har allereie byrja med litt juleførebuing.

Klikk for stort bileteJulekalenderen er klar! 

Denne veka kom haustens fyrste snø, og vi måtte så klart ut og ake litt. Borna var i ekstase over snøen, og dei laga snømat og snøenglar.

Det har vore mykje dårleg vér denne veka, så det har blitt ein del innetid. Då har vi blant anna teikna og bygd med magnetar.

Før vi hadde gym denne veka, snakka vi om kroppen. Så gjorde vi yoga og bevega på kroppen.