Sjølv om veke 45 var ei litt kortare veke, så har vi gjort mykje gøy.
I skogen fann vi mange konglar.
Måndag gjekk vi på tur i skogen ved Kyrkjevegen. Der fann vi konglar, klatra i tre og saman med nokre av borna laga Olimpia eit hus av greiner.
Tysdag gjekk vi tur i nabolaget på Foldnes og leita etter gule ting. Borna fann mykje gult som vi tok bilete av.
Torsdag hadde vi gym, og denne gongen valde borna mini-røris. Med mykje hopp og sprett var det ekstra herleg å ha kvilestund når vi var ferdige.
Denne veka har vi og laga ei lang togbane som gjekk over heile avdelinga.
Sist endra08.11.2020 11.11