VEKE 43 (19.10-23.10):

I veke 43 har vi gjort mykje kjekt.

Klikk for stort bileteInne på rommet har vi fått besøk av Snusmumrikken. 

Denne veka var vi litt uheldige med vêret når vi skulle på tur. Det regna og regna, så vi gjekk berre ein liten tur rundt Foldnes.

Torsdag var det tid for gym, og denne veka hadde vi yoga. Vi la ut yoga-korta og let borna velje kva stilling vi skal gjere. Etterpå fekk vi ein fortent kvil.

Fredag måla vi eit bilete av eit gresskar sia det snart er Halloween.

Vi hadde og musikksamling på fredag. Då kosa vi oss med å syngje mange gøye songar.