Veke 51 ( 14. desember - 20. desember)

Vi har kosa oss på nissefesten. Klikk for stort bileteNissebesøk. 

Eit innhaldsrikt halvår dette barnehageåret nærmar seg slutten. Me har kost oss mykje trass tida me er inne i. Me har ferdigstilt bornas julegåver og kost oss mykje med spel og leik på avdelinga. Fredag avslutta vi det heile med nissefest. Tenkt at sjølvaste julenissen kom på besøk. Det var mykje glede blandt borna. Vi gjekk òg rundt det vesle juletreet inne på avdelinga mens me song ulike julesongar. Me fekk òg julegraut og saft til lunsj. 

Me på Soria Moria vil takka så mykje for eit fint halvvår saman med alle borna på Soria Moria og eit forståelsesfult samarbeid med dykk som foreldre i tida me er inne i. me gler oss mykje til eit nytt år og nye muligheitar i det nye året som kjem. Stor juleklem frå oss på Soria Moria