Veke 49 (30. November - 6 desember)

Desember er i gang

Klikk for stort bilete 

Denne veka har me byrja på borna sine julehemmelegheitar. Me har advendtsamling kvar einaste dag før lunsj. Her syng me ulike julesongar, tennar ljus og leser om Pulverheksen og julenissen. Me har roa ned tempoet i desember og kosar oss med borna. Å spele spill er nok som står øverst på listen av kva borna vil gjerne ila ein dag, så det blir brukt mykje tid på da. Borna hadde også ei stund der dei sjølv roa ned tempoet med litt meditering oppe på bordene ute på lekeplassen. Dei vaksine på avdelinga poppa plutselig opp i julestasen på fredagen. Kjekt å spre litt juleglede i desse tidar.