Veke 48 (23. November - 29. November)

Venskapsveka! Klikk for stort bilete 

Denne veka har me i Leirstaden barnehage hatt eit ekstra fokus på venskap. Gjennom veka har me hatt samlinger om vennskap der me blant anna har laga eit tankekart om kva vennar er. Me har samar klippa venskapshjarter som heng i eit tre oppe på haugen vår.
Me har gått på ein venskapstur til sjukeheimen for å levera avdelinga si bidrag til deira pepperkakeby. Her sto me utanfor og vinka og sang med dei eldre på dagsenteret.
Borna har og laga venskapsarmbånd til kvarandre. Her fekk borna trekke eit bilete av bornet dei skulle laga armbånd til. Når alle var ferdig samla me oss i ei sirkel på gulvet. Når kvar og ein skulle gi frå seg armbåndet skulle dei også sei ein fin ting til han eller ho armbånder var til. 
Dei eldste borna har deltatt på ein samtale med ein voksen der dei fortalde korleis ein har det i barnehagen.