Veke 47 (16.november - 22. November)

Ei veke med mykje verKlikk for stort bilete  

Denne veka har me hatt samling om ulike følelser. Vi har sett på det å vere glad, sint, redd og lei seg. Fantogangen på NRK Super har fine filmsnutt om dette. Me har hatt sol, regn, vind og til og med SNØ!! Det har vore mykje fin leik blandt borna denne veka til tross for veret. Borna lagar mat, snømann og byggar i sandkassen. Dei har ofte store prosjekter med mykje samarbeid kvar einaste gong me er ute. 

I november byrja me alltid med noken juleforberedelser. Førjulstia vært nok ikkje heilt slik som vi er vant med her i barnehagen i år, men vi skal prøve å halde fast ved nokre av tradisjonane likevel. Ei av dei vert å levere eit lite bidrag til sjukeheimens årlige og  tradisjonrike pepperkakebygd.. Situasjonen vi er i no, gjer at vi dessverre  ikkje får komme å sjå på pepperkakebygda i år, men den vil vere til stor glede for sjukeheimens bebuare. Me har også laga klar adventskalendaren som me alltid har hengande på Soria Moria, Pepperkakehjertar. Borna har fått baka og pynta dei klare til 1. desember, sjølv om norke av deiga enda opp i magesekken til borna. 

Soria Moria