Veke 2 (11. januar - 17. januar)

Ake, ake, ake, tenk at me kan ake ei heil veke i strekk Klikk for stort bilete 

Denne veka har så og sei berre bestått av å ake. Me byrja veka med å ake på amfiet, tirsdag gjekk me innover kyrkjevegen for å ake i bakkane der. Onsdag, torsdag og fredag har borna fått dei store blå akebretta. Her har borna flittig bytta på å dra kvarandre og få sitje på med kvarandre. DEt er stor glede og mykje latter og gledeshyl når dei får ake so mykje som dei har fått lov til. 

På tysdag kom det ein stor lastebil med ein heil hytte kjøyrande som dei har plassert på amfiet. DEnne skal bli satt opp med turboplassen i kyrkjevegen. Me venter spent på når dagsturhytta blir frakta videre innover kyrkevegen og blir ferdig slik me kan bruke den på dei grå turdagane.

Ellers denne veka har vi fortsatt med blå samlingar. Me høyrer at fleire av borna nynner på fleire av songane med syng med dei. På fredag hadde me yoga og kvilestund der me hadde brukt overhead for å lage blå bobler som me hadde på veggen og i taket. Borna var kjempe fasinert av detta. Dei håper det ikkje blir lenge til neste gong me gjør det igjen. 

På dinoskulen denne veka har dei hatt om problemløysing. Det tok ikkje lang tid før me kunne høyre borna bruke løsningane dei hadde lert seg oppe på avdelinga. Kjekt å sjå kor fort dei tar til seg ny kunnskap. 

Håper alle har nytt dei siste dagane med snø før regnet kom på søndag. Soria Moria